Livet på Garden

I hønehuset bur Gulla og Hanefar.

Livet på Garden

"Vi er tre generasjonar som bur på garden. Rundt oss er der eit rikt dyreliv, og på jordet går hjortane å beiter om kveldane. Haren hoppar glad og lett, medan reven lurer rundt hushjørna. Vi har og eit rikt fugleliv, her trivast skjora, svalen, linerla, kjøttmeisa og dompappen. "

 

Våre Gardshus

I fjøsen har vi kalvar og storfe. På sommartid kosar dei seg ute.

har vi gårdskatten Nilsen som har jobb som musefangar.

I 2015 framstår Jevnlid Gard som ei perle, der vi kan køyre bilen rett til husdøra. Slik har det ikkje vert for generasjonane føre oss. Jevnlid Gard har historie bak til 1600- tallet.

 

Den første busetnaden på garden har måtta arbeide hardt for å rigge seg ein gard. Høgt oppe med 430 meter stupbratt fjellside rett i sjøen, har gitt utfordrandes vilkår for menneska som har budd her før oss.

 

Generasjonane føre oss levde i ei tid der ein ikkje kunne gå på butikken for å skaffe seg det ein måtte trenge. På garden har vi eige gardsmuseum kor vi har fleire gamle reidskapar som viser korleis ein klarte seg før.

 

Med skogen tett innpå, hadde ein rik tilgang til gode tre-emne, og med

hjelp av litt verktøy kunne ein lage seg det meste ein måtte ha behov for. På museumet har vi mellom anna følgjande laga av tre; spiseredskap som kniv, skei, sleiver, fat, skåler, nistebokser, trau, korger, økseskaft, tiner, skap, seng m.m

Vi ynskjer å skape glede rundt måltidsbordet ved å tilby mat laga av gammalt godt handverk, utan tilsetjingstoffer, melk og gluten