julepolse

Julepølse

Julepølsene frå Jevnlid Garden er ekte handverksarbeid, laga etter garden si eiga tradisjonsoppskrift. Som ein fast førjulstradisjon, har det kvar haust gjennom fleire generasjonar blitt laga julepølser etter same oppskrift.

 

Hausten 2014 starta vi å produserer våre tradisjonelle julepølserfor

sal på lokale marknader og i nokre utvalte butikkar. Julepølsa er

Jevnlid Garden sitt første produkt!

 

Pølsene våre er fylt med gode råvarer, og dei smakar av jul med god

smak av nellik-alleånde-ingefær-cognac!

Etter at pølsene blir stappa i kroktarmar, blir dei hengt på stabburet – kor dei henger til dei har tørka lett, ca 2-4 dagar. Deretter blir pølsene vakumpakka og fryst.

Pølsene som inneheld 86 % kjøt består av svinekjøtt, storfekjøtt, hjortekjøtt, gode julekrydder, Cognac burt og kroktarm.

 

Serveringstips; serverast ilag med pinnekjøttet

ilag med kålrotstappe.Kan også

servast som eigen middag ilag

med potetsappe og rødkal. Er

også god til tilbehør til

klubb/raspeball.

 

Pris kr 275 pr. kg

 

Vi ynskjer å skape glede rundt måltidsbordet ved å tilby mat laga av gammalt godt handverk, utan tilsetjingstoffer, melk og gluten