Kjøttbollar
Til middag- På grillen - Tapas
Kjøttbollane som er av 95 % kjøtt, inneheld storfe, svin, fett, potetmjøl, salt og pepper. Dei er forhandsteikt, men bør oppvarmast før dei skal nytast.
Til middag;
Våre kjøttbollar er nydelege saman med kålrotstuing, surkål og nykokte poteter. Brun smør og mel i ei panne, tilsett 0,7 dl vatn. Legg kjøttbollane oppi. La bollane trekke på svak varme i 15 min. Krafta frå bollane vil trekke ut i sausen, tilsett salt og pepper i sausen – nydelig! Eit tips; tilsett litt creme fresh i sausen – gir den ekstra susen på smaken..
På grillen;
Kjøttbollane er nydelige å grille. Tre bollane inn på grillspyd, pensle med ein god grillolje. Serveres med potetsalat og grøn salat.
Tapas;
Kjøttbollane er perfekte til å servere på tapasbordet, gjerne samen med ein tomatsaus.
Pris kr 225 pr. kg
Vi ynskjer å skape glede rundt måltidsbordet ved å tilby mat laga av gammalt godt handverk, utan tilsetjingstoffer, melk og gluten